Styremøteprotokoll nr. 2 - 2009
Noregs Blindeforbunds Ungdom (NBfU)
Onsdag 14. januar

Telefonmøte 19.30-20.10

Til stades:

Forfall:

Jostein Jakobsen (1. vara) møtte ikkje.

Sak 9/09 - Finanskrisa

a)

Barne- og familiedepartementet har ikkje motteke søknad frå NBfU om nasjonal grunnstøtte for fordelingsåra 2008 og 2009. Dette vart ikkje oppdaga før januar d.å. Budsjetterte inntekter frå grunnstøtta for 2008 er kr. 200 000.

Vedtak:

Det er fleire ledd som har svikta. Dette vart oppdaga særs seint av Norges Blindeforbund (NBF) si rekneskapsavdeling. Grunna at rekneskapsavdelinga ligg etter er det òg vanskeleg for organisasjonskoordinator og økonomiansvarleg å få oversikt over økonomien. Øystein Fylling prøvar å få til eit møte med NBF, og deltek på dette møtet. Målet med møtet er å informere NBF om detaljane i saka, og å finne ei løysing saman.

NBfU-styret ber om orsaking for hendinga.

b)

NBfU er nøydd til å spare pengar i tida framover for å kompensere for dei tapte inntektene.

Vedtak:

Å kutte ut U-lyd vil vere eit effektivt innsparingstiltak. Ein bør òg sjå på korleis ein kan redusere kostnadar for styremøte, og freiste å finne eksterne midlar til arrangement som t.d. haustkurset.

Protokollen vart godkjend i veke 4 ved omsending.

For Noregs Blindeforbunds Ungdom
Magnus Kroken /s/
Sekretær