Møtestad:
Norges Blindeforbunds lokalar, Sporveisgt. 10, Oslo
Møtetid:
Fredag 2. mai 2008: Kl. 18.10-19.35
Laurdag 3. mai 2008: Kl. 09.15-11.35, 14.00-17.20
Til stades:
Lise Bakkan (leiar)
Magnus Kroken
Guri Lorås
Ida Martine Nilsen
Inger Anette Myhre
Jostein Jakobsen (1. vara)
Øystein Fylling (2. vara)
Styremedlemma underteikna teielovnaden.
a)
I brev av 22. april 2008 ber Barne- og Ungdomsavdelinga (BUA) styret om å finne ein person som kan leie ei arbeidsgruppe fram mot UngUke 2008.
Vedtak:
Styret foreslår Jostein Jakobsen som leiar. Styret foreslår òg Jon Kristian Grønli, Per Tomas Prestmarken, Sylvia Joo Sargénius og Kristine Tanum som medlemmar i arbeidsgruppa, dersom dei sjølve ynskjer dette.
b)
I brev av 22. april har BUA uttrykt at dei ynskjer meir kontakt med NBfU-styret, sidan Barne-, Ungdoms- og Foreldreutvalget (BUF) er nedlagt.
Vedtak:
NBfU-styret ynskjer at BUA deltek på delar av styremøta sine, slik at dei får moglegheit til å orientere om arbeidet sitt, oppdatere seg på NBfU sitt arbeid og uttale seg i saker som er særskild viktige for samarbeidet mellom BUA og NBfU.
Styret fordelte ansvarsområda som ikkje vart tildelt i sak 18/08.
a) Vedtak:
Guri Lorås og Inger Anette Myhre er kontaktpersonar for Synshemmede Akademikeres Forening (SAF).
b) Vedtak:
Lise Bakkan og Ida Martine Nilsen er kontaktpersonar for Assistanse.
c) Vedtak:
Guri Lorås, Ida Martine Nilsen og Inger Anette Myhre jobbar med Synskadade Ungdomar i Norden (SUN).
d) Vedtak:
Øystein Fylling er observatør til NBFs landsstyremøte.
Inger Anette Myhre er 1. vara til NBFs landsstyremøte.
Magnus Kroken er 2. vara til NBFs landsstyremøte.
e) Vedtak:
Lise Bakkan og Ida er aksjons- og profileringsansvarlege.
f) Vedtak:
Lise Bakkan og Øystein Fylling er ansvarlege for organisasjonsutvikling.
g) Vedtak:
Guri Lorås og Jostein Jakobsen er pressekontaktar.
a)
NBfU har motteke kr. 40 000,- frå § 24-midlane (jf. Sentralstyresak 83/08).
Vedtak:
Teke til vitande.
b)
NBfU har truleg krav på internasjonal grunnstønad av di organisasjonen har ein viss eigenfinansiert internasjonal aktivitet.
Vedtak:
Anne Julie Bolstad undersøker om internasjonal grunnstøtte er aktuelt.
Styret diskuterte det gjeldande vedtaket om honorering og NBfU-telefon (jf. sak 48/04).
Vedtak:
NBfU-telefonen vert fjerna. Årleg honorar for leiar vert kr. 1500,-, og kr. 1000,- for dei andre styremedlemmane. Ein kan få refundert telefonutgifter utover honoraret mot spesifisert faktura.
Planen er å arrangere haustkurset 21.-23. november, med tema rettar synshemma har i høgare utdanning og arbeid.
Vedtak:
Haustkurset vert utvida, og vert arrangert torsdag 20. til sundag 23. november. På torsdag og fredag vil det vere program for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. På laurdag og sundag, vil det vere aktivitetar for ungdomsskule- og vidaregåandeelevar, og program for høgare utdanning og arbeid.
Lise Bakkan og Inger Anette Myhre jobbar med rettar for ungdomsskule- og vidaregåandeelevar. Guri Lorås og Øystein Fylling jobbar med rettar i samband med høgare utdanning og arbeid. Magnus Kroken, Ida Martine Nilsen og Jostein Jakobsen jobbar med aktivitetane. Lise Bakkan er koordinator for arbeidet.
a)
Magnus Kroken ynskjer å flytte nettsida til ein ny leverandør, i hovudsak for å betre funksjonaliteten på e-postlistene.
Vedtak:
Sida vert flytta, Magnus Kroken jobbar med dette.
b)
Det er ynskjeleg å kunne bruke bilete i ingressane på forsida, for å friske opp sida.
Vedtak:
Magnus Kroken jobbar med dette.
c)
Publisering av innhald på nettsida krev HTML-kunnskap. Det er ynskjeleg å gjere skriving og publisering av nyhende enklare.
Vedtak:
Magnus Kroken jobbar med dette.
a)
NBfUs landsmøte 2008 vedtok ikkje endring av organisasjonens namn. Argument var bl.a. at diskusjon om kva namnet skulle vere ikkje var mogleg, og at ein burde halde seg til moderorganisasjonen.
Vedtak:
Styret jobbar ikkje med namneendring i år, men ventar og ser om moderorganisasjonen endrar namn.
b)
Det vart registrert fleire domenenamn i samband med namneendringa. Desse kostar kr. 125,- pr. år pr. stk.
Vedtak:
Domenenamna vert ikkje fornya, då dei sannsynlegvis er lette å få tilbake dersom det er aktuelt.
a)
Evalueringane etter Landsmøtet 2008 seier at sakspapira kunne vore betre organisert, og at dei burde vore ferdige før dei vart sendt ut. Det vart òg nevnt at ein burde ha ein kontaktperson som nye delegatar kunne snakke med og stille spørsmål til, dersom dei ikkje forsto korleis landsmøtet fungera.
Vedtak:
Teke til vitande.
b)
Grunna rot i tingingane på Hurdalsenteret måtte NBfU flytte Landsmøtet 2008 til Hurdalsjøen Hotell. Dette gjorde landsmøtet dyrare for NBfU.
Vedtak:
Anne Julie Bolstad skriv eit utkast til eit brev der Hurdalsenteret vert oppfordra til å betale ekstrakostnadane NBfU fekk på grunn av rotet.
c)
Styret diskuterte datoar for Landsmøtet 2009.
Vedtak:
Anne Julie Bolstad sjekkar om Hurdalsenteret er ledig 27.-29. mars, 17.-19. eller 24.-26. april.
Assistanse held eit landsdekkande kurs på hausten. Styret ynskjer tid i programmet på dette kurset.
Vedtak:
Kontaktpersonane for Assistanse prøvar å skaffe tid i programmet, der ein ynskjer å snakke om synshemma i vidaregåande skule.
Dita Siauw er praktikant i informasjonsavdelinga i NBF, og har bl.a. jobba med U-lyd, og tilbakemeldingane er gode. Han ynskjer å halde fram, men får ikkje fornye praktikantperioden.
Vedtak:
Anne Julie Bolstad kontaktar personalavdelinga, og sjekkar om det er mogleg å la Dita Siauw jobbe som praktikant i BUA/NBfU, og kunne halde fram med U-lyd.
Målplanen som vart vedteke på Landsmøtet 2008 seier at organisasjonen skal jobbe med:
Vedtak:
Magnus Kroken jobbar med opplastingsordning. Guri Lorås og Inger Anette Myhre jobbar med deltaking i fylkeslaga. Ida Martine Nilsen og Øystein Fylling jobbar med punktet om innvandring.
Landsmøtet 2008 vedtok at NBfU-styret skulle setje ned eit utval som skulle jobbe vidare med prinsipprogrammet som vart vedteke på landsmøtet.
Vedtak:
Utvalet får ei budsjettramme på kr. 12 000,-. Isabel Engan, Per Fredrik Kvarme, Ida Sødahl Utne og Øyvind Vik vart foreslått til utvalet. Lise Bakkan spør dei.
3. desember er FNs internasjonale dag for funksjonshemma. Tidlegare år har dette vorte markert på Stortingets plass i Oslo, eit samarbeid mellom organisasjonane i UngFunk-samarbeidsgruppa.
Vedtak:
Lise Bakkan og Magnus Kroken prøvar å få i gang eit samarbeid for å markere 3. desember i 2008.
Det er ynskjeleg å presisere tydelegare kva styret ynskjer av organisasjonskoordinatoren.
Vedtak:
I tillegg til stillingsinstruksen ynskjer styret at organisasjonskoordinatoren skal:
Magne Bolme skal skrive NBfUs historie.
Vedtak:
Magne Bolme møter Anne Julie Bolstad for å skrive ei kontrakt for jobben. Mandatet for engasjementet er vedteken tidlegare, og vart godteken med naudsynte endringar av datoar o.a. (Sjå vedheng 1)
a)
Alle aktive regionar har arrangement på gang, aktiviteten ser ut til å vere god. Ida Martine Nilsen har fått kontakt med medlemmar som ynskjer å starte aktivitet i Sør.
Vedtak:
Teke til vitande. Ida Martine Nilsen jobbar vidare med Sør.
b)
Nokre regionar strevar med at fylkeslaga ikkje har ressursar til å føre reiknskap og sende ut invitasjonar i posten.
Vedtak:
Det er snakk om å flytte reiknskapsføringa til NBFs sentrale økonomiavdeling. Dette vil gjere det enklare for regionane.
Regionane vert oppfordra til å få sendt ut invitasjonar sjølve, eller via sine fylkeslag. Dersom dette ikkje er mogleg å få gjort kan NBfU-kontoret hjelpe regionane det gjeld med dette. Problema med å føre reinskap vil vere ei sak i møtet med Kristin Tronrud 19. mai. (Sjå sak 37/08)
Kristin Tronrud ynskjer eit møte med NBfU-styret for å snakke om Gruntvig-prosjektet.
Vedtak:
Ida Martine Nilsen, Øystein Fylling og Anne Julie Bolstad deltek på møtet 19. mai.
a)
NBfUs logo, slik den er i dag, er omdiskutert.
Vedtak:
Det er igjen ein del profileringsartiklar med logoen på. Ein vil forsøke å bruke opp desse.
Styret ventar med å ta opp logoendring til etter at ei eventuell namneendring er gjennomført.
b)
Det er laga tekst til ei informasjonsbrosjyre. Denne er for lang, den bør vere kortare, og meir interessevekkjande.
Vedtak:
Øystein Fylling lagar forslag til layout og ny tekst.
Ein vil prøve å lage ei kort og spennande brosjyre, med punkt og svartskrift på same trykk. Ein kan skrive eit lengre og meir informativt følgjebrev.
ynspedagogtenesta kan vere ein viktig hjelpar i rekrutteringa av nye medlem. Ein bør prøve å distribuere brosjyrene via fylkessynspedagogtenesta.
c)
Dei nye styremedlemma har ikkje visittkort.
Vedtak:
Nye visittkort vert tinga.
Andreas Havsberg og Karianne Havsberg ynskjer ikkje å sitje ein periode til i den internasjonale arbeidsgruppa.
Mirnesa Balagic, Jon Kristian Grønli, Sylvia Joo Sargénius og Stein Erik Skotkjerra har meldt si interesse for arbeidet.
Vedtak:
Styret foreslår å setje Stein Erik Skotkjerra som ny leiar av arbeidsgruppa, og dei tre andre som medlemmar i gruppa. Ida Martine Nilsen spør om kandidatane framleis ynskjer å stille. Mandatet for førre arbeidsgruppe vert brukt med mindre endringar. (Sjå vedheng 2)
NSB innfører 5. mai eit gebyr på kr. 20,- dersom ein kjøper billett på toget. Med dette ynskjer NSB at fleire skal bruke billettautomatane, som er vanskelege eller umoglege å bruke for synshemma. Gebyret har eksistert i Oslo og Akershus ei stund, og fleire medlemmar har meldt om at konduktørane ikkje godtek at ein er synshemma dersom ein ikkje har tydelege teikn på dette (kvit stokk, førarhund e.l.).
Andreas Lindrupsen ynskjer å demonstrere mot dette gebyret, og har kontakta NBfU-styret om dette. I følgje svar frå NSB på fråsegn frå NBF Nord-Trøndelags årsmøte har NSB vore i kontakt med NBF i forkant av innføring av gebyret.
Vedtak:
Leiar for interessepolitisk avdeling i Noregs Blindeforbund, Sverre Fuglerud, er informert om demonstrasjonen, og ynskjer NBfU lykke til. Styret takkar Andreas Lindrupsen for initiativet, og demonstrasjonen finn stad på Egertorget i Oslo onsdag 7. mai d.å.
Bedir Yiyit orienterte om kva innvandrargruppa er. Gruppa ynskjer eit samarbeid med NBfU for å betre integreringa av synshemma ungdom.
Vedtak:
NBfU-styret set ned ein komité som skal finne ut korleis ein kan samarbeide, og skriv mandat for komiteen.
Styret diskuterte innføring av ein ærespris og æresmedlemskap til medlemmar som har gjort særs mykje for organisasjonen.
Vedtak:
Magnus Kroken skriv eit vedtektsendringsforslag om innføring av æresmedlemsskap. Ida Martine Nilsen undersøker pris og utforming av ei medalje e.l.
Vedtak:
Neste styremøte vert 15.-17. august 2008.
Protokollen vart godkjent i veke 20 ved omsending.
For Noregs Blindeforbunds Ungdom
Magnus Kroken /s/
Sekretær
Sist godkjent av NBfU-styret lørdag 3. mai 2008.
I forbindelse med at NBfU fylte 30 år 10. oktober 2006, ønsket NBfU at organisasjonens historie fra begynnelsen og til da systematiseres og skrives ned.
Styret har gjort vedtak om å honorere oppgaven med kr. 10 000,- når produktet er ferdigstilt. Styret har også satt av kr. 10 000,- til andre kostnader i forbindelse med innhenting av informasjon m.m.
NBfU-styret og ungdomssekretæren kan bistå med å oppdrive informasjon og ressurspersoner.
Historiedokumentet skal minimum være i en form som egner seg for lesning gjennom digitale medier, samtidig som det skal kunne trykkes om et hefte.
Oppgaven skal klar til gjennomlesning innen 1. september 2008. Produktet må være ferdigstilt i god tid før NBfUs landsmøte 2009. Styret skal ha anledning til gjennomlesing minimum én gang før det ferdigstilles.
NBfUs landsmøte 2007 ga sterke føringer i retning av at organisasjonen vår skal fokusere mer på internasjonalt arbeid. NBfU har deltatt aktivt politisk på et internasjonalt plan de siste åtte årene, men vi har ikke hatt så mange utvekslingsprosjekt som vi kunne ønske oss.
NBfU-styret har som en følge av dette, vedtatt å sette ned en internasjonal arbeidsgruppe som hovedsakelig skal arbeide for at våre medlemmer får best mulig tilgang til de mange internasjonale møteplassene som finnes for ungdom i dag.
Arbeidsgruppen skal bestå av tre medlemmer og en leder.
Ved uenighet skal gruppen ta avgjørelser ved demokratiske avstemninger. Ved stemmelikhet kan leder bruke sin dobbelstemme.
NBfU-styret oppmoder gruppen til hovedsakelig å arbeide med utvekslingsprosjekter. Det er viktig at arbeidsgruppen setter seg godt inn i "Youth in Action"-programmet, og at de stadig er på utkikk etter andre finansieringskilder. NBfU er ikke mindre interessert i å samarbeide med land utenfor Europa, men vi aksepterer at det er lettere å finne midler til prosjekter i Europa, og ber derfor gruppen om å arbeide mest med dette området.
Det er vesentlig at alle prosjekter gruppen igangsetter skal gi noe til NBfU, og at gruppen gjør seg godt kjent med og følger organisasjonens styringsdokumenter.
NBfU-styret ønsker videre at gruppen skal fungere som et rådgivende organ i forhold til NBfU sine øvrige internasjonale initiativer, de bør også gjøre sitt beste for å opprettholde et produktivt og godt samarbeid med vår moderorganisasjon innen feltet internasjonalt arbeid.
Gruppen står fritt til å igangsette prosjekter de mener er hensiktsmessige og i henhold til organisasjonens politikk og vedtekter uten godkjennelse fra NBfU-styret, så fremt disse ikke vil medføre utgifter som ikke dekkes av eksterne midler eller arbeidsgruppens budsjett. Dette betyr selvsagt ikke at gruppen kan igangsette prosjekter uten å informere NBfU-styret i rimelig tid.
Arbeidsgruppen skal på sitt første møte utpeke en kontaktperson til NBfU-styret. Denne personen skal være bindeleddet mellom NBfU-styret og arbeidsgruppen, og bør ta kontakt med styret så snart som mulig, for å avtale hvordan vi best samarbeider.
Det kreves at god møteskikk følges i arbeidsgruppen, og at det foreligger offentlig tilgjengelige protokoller fra alle møter. Disse må være skrevet i en form som er fullstendig nok til at utenforstående kan følge arbeidet på en god måte.
Arbeidsgruppen skal levere en sluttrapport som viser hva de har gjort, og hva de mener NBfU bør fokusere på i neste landsmøteperiode. Rapporten skal være klar senest åtte uker før landsmøtet 2009. Rapporten skal legges frem for landsmøtet 2009.
NBfU-styret bevilger 15 000 kroner til arbeidsgruppens arbeid i landsmøteperioden 08/09.
Vi oppfordrer gruppen på det sterkeste til å benytte seg av rimelige løsninger for å møtes og å holde kontakten mellom møtene. Dersom gruppen mener det er nødvendig og økonomisk forsvarlig må møter gjerne avholdes utenfor landets grenser. Det av budsjettet som ikke brukes til møtevirksomhet står gruppen fritt til å disponere til andre utgifter de mener å finne grunnlag for i mandatet.
Det forventestes at gruppen setter opp et budsjett som sendes styret etter første møte. organisasjonskoordinator Anne Julie Bolstad skal føre regnskap for gruppen - det er et absolutt krav at alle utgifter kan dokumenteres.
For NBfU-styret:
Øystein Hvenekilde Fylling /sign
Oslo 7. mai 2008