Styremøteprotokoll nr. 4 - 2008
Noregs Blindeforbunds Ungdom (NBfU)
Fredag 15. - Laurdag 16. august

Møtestad:

Norges Blindeforbunds lokalar, Sporveisgt. 10, Oslo

Møtetid:

Fredag 15. august 2008: Kl. 18.40-20.15
Laurdag 16. august 2008: Kl. 09.15-10.35

Til stades:

Inger Anette Myhre og organisasjonskoordinator Anne Julie Bolstad deltok under handsaminga av sak 48-51.

Forfall:

Øystein Fylling (2. vara) hadde meldt forfall til møtet.

Saksregister

Sak 44/08 - Munnlege og skriftlege skriv- og orienteringssaker

a)

I brev av juni 2008 ynskjer Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) å vitje styret i NBfU, for å snakke om ung makt og demokrati, og organisert ungdomskultur.

Vedtak:

Styret ser ikkje at dette er viktig for NBfU-styret, men ynskjer at nokon frå LNU kjem på tillitsvaltkonferansen 2009 for å snakke om ung makt og demokrati. Lise Bakkan undersøker om dette er mogleg.

b)

NBfU heldt ein aksjon mot NSBs ombordgebyr 8. mai, leia av Andreas Lindrupsen. Styret har motteke rapport frå aksjonen. Lydanlegget fungerte ikkje, men det vart delt ut ein del løpesedlar.

Vedtak:

Teke til vitande. Til seinare aksjonar bør ein teste utstyr på forhand.

c)

NBfU-styret sendte brev til Samferdselsdepartementet 6. mai, om NSBs ombordgebyr. Departementet har sendt svar til NBfU-kontoret. Det går fram av svaret at departementet ikkje har tenkt å gripe inn og endre NSBs praksis, då NSB sjølv meiner ordninga fungerar tilfredsstillande, og departementet meiner at gebyret ikkje er diskriminerande, sidan ein kan kjøpe billett på forhand på andre måtar.

Ida Martine Nilsen foreslo å gjennomføre ein brevaksjon, der alle medlemmar får eit identisk brev dei kan signere og sende til NSB.

Vedtak:

Svaret frå departementet er ikkje tilfredsstillande. Brevaksjon vert gjennomført, Magnus Kroken skriv utkast til brev.

d)

Kultur- og Kirkedepartementet har sendt ut ei pressemelding, dei ynskjer å opprette eit virtuelt senter for sivilsamfunn og friviljug sektor.

Vedtak:

Teke til vitande.

e)

Lise Bakkan og organisasjonskoordinator Anne Julie Bolstad deltok på samarbeidsmøte med Unge funksjonshemmede og Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU). Dei har fått plass i Dagbladet til å skrive artiklar om funksjonshemma. Grunna ugunstige møtetider ynskjer Lise Bakkan og Magnus Kroken at organisasjonskoordinator Anne Julie Bolstad deltek på møta, og at andre, synshemma, skriv artiklane.

Vedtak:

Teke til vitande.

f)

Andreas Lindrupsen har sendt e-post til styret om korleis han ynskjer at styret skal jobbe vidare med endring av organisasjonens namn. Lise Bakkan og Øystein Fylling har svart Andreas pr. e-post.

Vedtak:

Teke til vitande. Styret har ikkje tenkt å jobbe med namneendring i år, jf. sak 27a/08.

g)

Motteke rapport frå Øystein Fylling frå landsstyremøtet i Norges Blindeforbund (NBF) 13.-15. juni 2008. Den viktigaste saka for NBfU sin del er at NBF melder seg inn i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).

Vedtak:

Teke til vitande. Styret tek opp medlemsskap i Unge funksjonshemmede på NBfUs landsmøte i 2009.

h)

NBF arrangerar interessepolitisk kurs 1.-3. oktober. Guri Lorås, Ida Martine Nilsen og Stein Erik Skotkjerra ynskjer å delta.

Vedtak:

Styret sender Guri Lorås, Ida Martine Nilsen og Stein Erik Skotkjerra på kurset.

i)

Magnus Kroken har flytta nettsidene. Det gjenstår å få inn fleire bilete på sida, for å gjere den meir unik.

Vedtak:

Teke til vitande.

Sak 45/08 - Internasjonal arbeidsgruppe

Ida Martine Nilsen orienterte om korleis det går i arbeidsgruppa. Det har ikkje skjedd så mykje, og det er lite respons på e-post som vert sendt ut. Leiar, Stein Erik Skotkjerra, håpar på betre kommunikasjon i arbeidsgruppa etter eit møte.

Vedtak:

Teke til vitande.

Sak 46/08 - Samarbeid med NBFs innvandrargruppe

Ida Martine Nilsen har kontakta styra i region OsAk og region Buskfold, det verkar som det er lite interesse i styra for arbeidet. Ida Martine Nilsen tek dette opp igjen etter OsAks ekstraordinære styremøte (jf. sak 49/08).

Vedtak:

Teke til vitande.

Sak 47/08 - Prinsipprogrammet

Lise Bakkan har kontakta Øyvind Vik, leiar i utvalet som arbeider med prinsipprogrammet (jf. sak 32/08). Han skal kalle inn til eit møte snart, det har ikkje skjedd så mykje i utvalet pga. sommarferie.

Vedtak:

Teke til vitande.

Sak 48/08 - Tillitsvaltkonferansen 2009

Styret diskuterte datoar, stad og arbeidsfordeling for tillitsvaltkonferansen (TVK) 2009. Øystein Fylling hadde allereie foreslått å ha den på Solvik.

Vedtak:

Organisasjonskoordinator Anne Julie Bolstad undersøker om Solvik er ledig 27. februar til 1. mars, eller 6.-8. mars.

Magnus Kroken og Ida Martine Nilsen jobbar med innhaldet på TVK.

Sak 49/08 - Regionalt arbeid

Det virkar som det er grei aktivitet i 5 av regionane.

Det er ikkje nokon aktivitet i Sør. Ida Martine Nilsen håpar å kome i kontakt med interesserte regionsmedlemmar på haustkurset.

OsAk har kalla inn til ekstraordinært årsøte 20. august, val av nytt styre står på sakslista.

Vedtak:

Teke til vitande. Øystein Fylling deltek på OsAks ekstraordinære årsmøte, frå NBfU-styret.

Sak 50/08 - Nordisk arbeid

Andreas Lindrupsen ynskjer å starte ei arbeidsgruppe for å gjenreise det nordiske samarbeidet Synskadade Ungdommar i Norden (SUN). Han foreslår seg sjølv og Ida Martine Nilsen som medlemmar i arbeidsgruppa.

Vedtak:

Styret set ned arbeidsgruppa, med dei to foreslåtte medlemmane, samt Guri Lorås og Inger Anette Myhre, sidan desse har ansvar for arbeidet med SUN i styret.

Sak 51/08 - Økonomi

Organisasjonskoordinator Anne Julie Bolstad orienterte om NBfUs økonomi, så langt i år har NBfU igjen 159000,- av det som vart budjsettert.

Vedtak:

Teke til vitande.

Protokollen vart godkjend i veke 36 ved omsending.

For Noregs Blindeforbunds Ungdom
Magnus Kroken /s/
Sekretær